HomeLedig StillingAktueltNyhetLedig Stilling

Ledig Stilling

Ledig Stilling

Blikkenslager, ventilasjonsmontør eller teknisk isolatør

Frå båndtekking av tak til ventilasjon i bygg og båtar. Vi trenger fleire flinke fagfolk!

Hos Isovent jobbar vi med alt frå bandtekking av tak til ventilasjon i bygg og båtar. No har vi meir å gjere og treng fleire fagfolk med på laget, både i Måløy og på Nordfjordeid.

Vi ser etter deg som er blikkenslager, ventilasjonsmontør eller teknisk isolatør. Anna relevant bakgrunn blir og vurdert. Er du lærling? Da vil vi gjerne at du tek kontakt med oss.

Eit fagmiljø med mykje erfaring

Isovent har vore i drift sidan 2003. Vi er 25 tilsette og jobbar med mellom anna ventilasjon, blikkenslagerarbeid og teknisk isolering for privatkundar, industri og maritim næring.

Vi har eigne verkstader og folk med lang erfaring innan fleire fagområde. Vi er opptekne av å gjere skikkeleg arbeid, finne gode løysingar for kundane og hjelpe kvarandre når det trengst.

Og så meiner vi det skal vere kjekt å gå på jobb. Vi set pris på både fagprat, godt humør og det sosiale utanom arbeidsdagen.

Kva får du hos oss?

  • Ulike typar oppdrag innan ventilasjon, blikkenslagerarbeid og teknisk isolering
  • Erfarne kollegaer med mykje fagkunnskap
  • Opplæring og kurs
  • Konkurransedyktig løn og vilkår
  • Firmabilordning
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit arbeidsmiljø der vi legg vekt på både det faglege og det sosiale

 

Kven ser vi etter?

Du har erfaring som blikkenslagar, ventilasjonsmontør eller teknisk isolatør.

Vi ser etter deg som:

  • Har erfaring frå eitt av fagområda våre
  • Har førarkort klasse B
  • Kan kommunisere på norsk eller eit anna skandinavisk språk, både munnleg og skriftleg
  • Trivst med kundekontakt og å samarbeide med andre
  • Tek ansvar og likar å gjere ein skikkeleg jobb

Vi er ikkje ute etter den som er flinkast til å skrive søknader. Vi vil gjerne høyre frå folk som kan faget og har lyst til å jobbe hos oss.

Kanskje vi skal ta ein prat?

Du treng ikkje skrive ein lang søknad. Send oss nokre ord om deg sjølv, CV og minst éin referanse til post@isovent.no.

Vi vurderer søknader fortløpande.

Har du spørsmål eller vil vite litt meir om jobben? Ring oss gjerne for ein hyggeleg prat.

Søknadsfrist: Snarest

Kontaktinformasjon

Har du spørsmål om stillingen eller ønsker ytterligere informasjon, ta kontakt med:
 
Wictor Svoren
Daglig leder
Tlf: 958 88 866
 
Johnny Husevåg
HR/HMS/Service ansvarlig
Tlf: 913 56 811